Aasenkvartalet, Kunnskapskilometeren og innovasjonsløkka i Volda

Ratio, Saaha og Lala Tøyen har i samarbeid vunne den avgrensa plan- og designkonkurransen for Aasenkvartalet i Volda. Aasenkvartalet knyter seg til campusområdet for Høgskulen i Volda, og skal huse undervisnings- og kulturareal i samlokalisering med framtidsretta næringsaktivitetar og eit hotell.

Oppdragsgiver

Volda utvikling

Sted

Volda

Status

Pågående

Periode

2022

Vinnarprosjektet «og den leiken den ville han sjå» viser tre bygningar av varierande storleik samla rundt eit torg. Hovudvekta i konkurransen er lagt på fyrste byggetrinn, der funksjonane omkransar eit høgt, glasoverdekka rom som blir ein viktig sosial samlingsstad og som knyter livet og trafikken i bygget saman med viktige ferdselsårer på campus. Det er lagt vekt på å skape opplevingsrike fellesareal – både inne og ute - som innbyr til samhandling og eit mylder av aktivitetar. Bygget dannar endepunkt for den sentrale «campusaksen» som definerer høgskuleområdet, og vil ligge som eit «velkomstbygg» ved avkøyringa frå E39 til Volda sentrum.

Bygget er tenkt oppført med berande konstruksjonar i treverk og med vegger og dekker i massivtre.

Konkurranseprosjektet er resultat av eit inspirerande og godt samarbeid mellom dei tre arkitektkontora – vi gler oss til å kvesse pennen og ta fatt på oppgåva vidare i Volda!

Render gjort av Tegmark

Kontaktperson

Sverre Svendsen

Sivilarkitekt MNAL, Partner

+47 48 27 69 08

sverre.svendsen@ratioark.no

Eksterne bidragsytere

SAAHA

Lala Tøyen

Faser

Plan- og designkonkurranse

Aasenkvartalet Innovasjonsløkka eksteriørperspektiv
1/4 Fugleperspektiv
PLAN 01 1 200
2/4 Bakkeplan
Langsnitt
3/4 Langsnitt
Fasade sør
4/4 Sørfasade
Hoved Interiør liten
Illustrasjon: Tegmark
Aasenkvartalet illustrasjonsplan 1 500 liten