Ny estetikk og varig verdi i omstillingens tid*

NYHET – 08.02.24

3 IMG 4658

I framtida ser vi for oss å arbeide med eit enno større spekter av prosjekt, med større fokus på ombruk og transformasjon av bygg og områder. Vi har i alle år «sløst» med areal her i landet, noko som har resultert i kaotiske byområder og tettstader. Vi kan bruke arkitektur som verktøy for å rydde opp i dette, og skape grønare, sunnare og vakrare stader. Bærekraft omfattar både miljø, økonomi og det sosiale - å skape prosjekt som økonomiserer areal, som har større fokus på sambruk og møteplassar på tvers er svært viktig for å hindre einsemd og utanforskap, og for å skape trygge omgivnader og lokalsamfunn. Dette seier Borghild Holsvik – miljøansvarleg hos Ratio. Vi har teke ein liten prat om korleis vi jobbar med bærekraft på Ratio.

* Tittelen på innlegget er inspirert av Nummer 17 - fagnettverk for interiørarkitekter sitt arrangement på Arendalsveka 2023.

Borghild har jobba som arkitekt hjå Ratio i 16 år. Frå i haust har ho hatt rolla som miljøansvarleg på kontoret der ho leder ei gruppe med 5 engasjerte kollegaer. Hovedfokuset deira er korleis vi tenker og planlegg bærekraftige prosjekt - no og i framtida. I tillegg arbeider ho som prosjekterande arkitekt der oppgåva akkurat no er å utarbeide Campusutviklingsplan for OsloMet.

- Eit av dei første prosjekta eg var så heldig å jobbe med på Ratio er Nesodden kommunesenter. Eg tenker at dette prosjektet står seg godt med tanke på korleis ein med innovativ programmering og sambruk har skapt ein møteplass for alle på Nesodden. I tillegg har bygget passivhusstandard og hybrid ventilasjon.

Ratio står også bak Norges første passivhus, som ligg på Skøyen. Dette er framleis eit flott prosjekt, men den intensive materialbruken kan nok problematiserast litt i dag. Bruk og transformasjon av eksisterande bygningsmasse kjem til å bli meir og meir viktig framover, og her har vi ein del referanseprosjekt allereie, -frå transformasjonen av Verkstedhallane på Aker Brygge tilbake på 80-tallet (BGO), til rehabilitering av Festiviteten i Kristiansund, Grieghallen i Bergen og eldre bygningsmasse på Aker. Vi har også større transformasjonsprosjekt som rehabilitering og tilbygg til Kommunenes Hus i Oslo, Folkets Hus i Sauda, Martina Hansen Hospital i Bærum og Nordlandssykehuset i Bodø.

Det er vanskelig å ikkje engasjere seg for miljøet i desse tider, seier Borghild. Vi står midt oppe i både ei klimakrise og naturkrise. Og medan klimakrisa enno kan virke litt abstrakt og «langt borte» for oss nordboarar, så kjenner vi naturkrisa nærmare på kroppen. Det følgjer ofte ein stor sorgreaksjon når naturområde ein har eit nært forhold til går tapt. Dette skjer oftare og oftare, både nærnatur som går tapt til mindre utbyggingar og viktige større naturområde som går tapt til tekniske anlegg, hyttefelt og industri.

Våren 2023 vart Borghild valgt inn i styret til Naturvernforbundet sitt lokallag i Asker. Ho ser på det som ein stor verdi å sitte «på andre sida av bordet», og lære av dei som kan dette, og som verkeleg forstår verdien av natur i alle aspekt. Naturen er vi heilt avhengige av for å sjølv overleve som art, -den gir oss mat, den gir kloden balanse, den gir oss eit artsmangfold som er grunnlag for forskning og medisin, den fungerer som systemløyser i møte med framtidas ekstremvær. Men først og fremst har naturen ein egenverdi, som dessverre alt for sjeldan blir tatt med i regnestykket når tomtelokasjoner blir valt og område nedbygd. Så er det jo ressursbruken, og forbruket vårt, som ikkje kan halde fram som før, og som får enorme konsekvensar på natur og samfunn langt borte.

Saman med resten av miljøgruppa har Borghild som mål å inspirere og engasjere alle på Ratio, og dette gjer dei gjennom presentasjoner, fagdagar og kunnskapsdeling. I tillegg har dei ansvar for å følge opp miljø i prosjekt -det er her vi kan måle om vi faktisk forbedrar oss. Borghild fortel vidare at ein del av arbeidet er å forenkle og forbedre systema våre slik at miljø blir ein meir integrert og sjølvsagt del av prosjekteringsarbeidet, og at ein gjer riktige vurderingar til riktig tid. Nye verktøy vert testa i samarbeid med t.d. BIM-gruppa, og målet er å få dette implementert i prosjekt.

- Miljøgruppa har som mål at prosjekta våre i større grad skal reflektere miljø i alle aspekt, -i tomtevalg, i valg av struktur og bæresystem, i materialvalg, i ombruk og transformasjon, i programmering, i korleis vi jobbar tverrfaglig og oppnår innovasjon og nyskaping i prosjekt og i korleis vi påverkar oppdragsgivarar til å bli meir bærekraftige. Vi har ambisjonar om å bli eit enno meir inspirerande fagmiljø, der det er gøy å jobbe, og der kvar medarbeider kjenner at det ein driv på med har ein meirverdi.

Borghild viser til at det er mange på Ratio som er engasjerte og som vil auke sin egen kompetanse på miljø.

- Ratio har som mål å utdanne 2 BREEAM-AP i året. Etter årets siste tilskot er vi no 7 personar på kontoret med denne kompetansen. I tillegg har vi folk som tek etterutdanning innan bygningsvern, som tek kurs i ombrukskartlegging, klimagassregnskap og energirådgivning. Vi har også arrangert grunnkurs i klimagassregnskap på kontoret. I tillegg til formell kompetanseheving er det er mange tema vi vil løfte fram i tida framover, med mindre presentasjoner og workshops internt på kontoret. Vi ser også at prosjektleiarrolla er ei nøkkelrolle for å oppnå miljøambisjonar i prosjekt og at det er viktig å ha fokus på å ytterlegare auke kompetansen til dei som har ei slik rolle i prosjekt framover.

Kva gjer miljøgruppa no på kontoret?

- Miljøgruppa har jobba dedikert med å løfte miljø og bærekraft i Ratio sin nye strategiplan. I vinter arrangerte vi ein intern fagdag 15. desember med 5 gjesteforelesarar med stor suksess. Temaet for fagdagen var «Ny estetikk og varig verdi i omstillingens tid» og vart avslutta med byvandring i Hovinbyen - eit område i stor endring. Vi deltek i internrevisjon på alle prosjekt for å sikre at miljø er ivaretatt. Ved årsskiftet vart vi partner i Pådriv - Nasjonalt senter for ombruk i byggebransjen, og vi engasjerer oss også i andre fagnettverk som t.d. nr. 17. Å knyte kontakter og å dele kunnskap blir meir og meir viktig for at vi alle skal nå måla for ein bærekraftig bransje.

Ratio er sertifisert som Miljøfyrtårnbedrift, og vart sertifisert første gang i 2011. Vi jobbar no saman med å sende inn dokumentasjon til resertifiseringa for 2024. Dette går både på kontordrift og våre prosjekt, og krava vert stadig strengare -vi må vise at vi tek miljøansvar.

Ratio har prosjekt som gir oss mulighet til å arbeide med transformasjon og ombrukskartlegging, mellom anna har vi for tida rammeavtale med OsloMet og ombyggingar av eldre bygg på Aker sykehus. Aker har også mål om å oppnå BREEAM Very good, så her er det formalisert høge miljøambisjonar i prosjektet.

Miljøgruppa fungerer som prosjektstøtte, der vi kan bistå både som faglig støtte i vurderinger, eller meir konkret bistå med valg av riktige verktøy. Ratio har som mål at alle prosjekt skal ha ein miljøansvarlig ARK i tillegg til RIM, som er tett på og som følger opp ekstra på miljø i prosjekt.

For å nå måla vi har sett oss, handlar det både om rett kompetanse og bevisstgjering, seier Borghild. Vi må få miljø og bærekraft inn i frontallappen i alt vi gjer. Eg har også stor tru på faglege nettverk og tverrfagleg samarbeid. Vi må finne gode samarbeidspartnarar og oppdragsgivarar som er gode sparringspartnarar og som driv oss i riktig retning. Vi må også tenke at eitkvart prosjekt vi har er ein mulighet til å oppnå miljømål og samtidig auke vår egen kunnskap. Slik vil vi bygge kunnskap og erfaring, steg for steg.

Til slutt, Borghild, kvar er vi om 20 år?

- I framtida har Ratio bidrege til å reparere nokon lokalsamfunn der ute i bygd og by der sambruk, møtestader, holistisk design og natur som gjennomgåande element skapar attraktive og bærekraftige lokalsamfunn. Vi vil vere stolte av at formålsbygga vi teiknar er meir integrerte i lokalsamfunna dei er ein del av og at dei opplevast og er sunne og bærekraftige tvers gjennom. Eg ser også gjerne at vi søker utover, og deler kunnskap med samfunn lengre borte. Build back better, er ikkje berre eit ordtak frå Amerikansk valkamp, men er brukt av FN for å sette ord på korleis vi i gjenoppbyggingsprosjekt etter krig eller andre katastrofer kan bruke anledninga til å bygge bedre, med tanke på bygninger, strukturer, infrastruktur og naturreperasjon.

- Eg håpar rett og slett at vi om 20 år kan sjå oss tilbake og tenke at vi har bidrege til å skape ei bedre verd, avsluttar Borghild.